FrP står for ei positiv samfunnsutvikling med folkevekst, nye næringsetableringar og fleire arbeidsplassar. Vi vil ta heile kommunen i bruk.
Kommunen må sjølv stå for utbygging av både teknisk og sosial infrastruktur i takt med folkeveksten. Teknisk infrastruktur handlar om kommunale vegar, vatn, kloakk. Sosial infrastruktur om barnehagar, skular, bygg til helse- og omsorgstilbod, brann- og redningsteneste m.m.
På andre område vi kommunen samarbeida med private aktørar om samfunnsutviklinga. Dette gjeld t.d. nye bustader, næringsareal, utvikling av Osøyro og Eikelandsosen som senterområde, i miljø- og klimapolitikken og ved tilrettelegging for idrett, kultur og friluftsliv. Innan samferdsle vil kommunen også samarbeida med fylkeskommunen og staten.
Bjørnafjorden har stort potensiale for vekst
Dette skal vi også jobbe med
Sentrumsutvikling Osøyro og Eikelandsosen
Framskritspartiet vil:
-
Reetablera Prosjekt Liv på Øyro; – fullføra Bydraget med Elveplassen, etablera elvepromenade Landboden-Oseana, hotell i sentrum, gangbru over Oselvo
-
flytta Esso-stasjonen og utvikla kaifronten med fellesareal, bustad og servicetilbod
-
Vidareutvikla Os Hamn til den beste sentrumshamna i regionen – utvida gjestehamn, utvikle nye aktivitets- og servicetilbod, ny næringskai på den gamle moloen i indre hamnebasseng, nytt stupetårn, badstuer osv.
-
Realisera ny kollektivterminal på Osøyro m/venterom, toalett, kiosk o.l., samt planleggja for parkeringsanlegg i fjell under Mobergshaugane
-
Samarbeide med Os Sentrum om aktivitetsprogram for Osøyro og Os Hamn
-
Utvikla kommunedelsenteret Eikelandsosen i tråd med områdeplanen (bustad, næring, aktivitet)
-
Etablera Prosjekt Liv i Fjord’n etter modell av Liv på Øyro-prosjektet. Vurdera utvikling av område Koldalsfossen og Margarinfabrikken, samt potensialet for flytemoloar, gjeste- og småbåthamn og fleire bubilplassar i Eikelandsosen
-
Leggja til rette for faste dagar med torghandel i sentrum - Vognhallen/Os kai og Fjord’n Senter
Verdiskaping og arbeidsplassar
Framskritspartiet vil:
-
Leggja til rette for nye arbeidsplassar i Bjørnafjorden, og dermed redusera behovet for utpendling. JA-haldning og tett dialog med nye og etablerte verksemder er ei hovudoppgåve for ordførar. Plan- og byggjesaker knytt til næringsetableringar skal prioriterast framfor andre saker
-
Få fart på utviklinga av næringsareala i Lyseparken m/handel, kompetanseverksemder og industri. Vurdere klynge for fornybar energi i Lyseparken, herunder moderne kjernekraft
-
Realisera Samnøy Næringsområde m/djupvasskai og næringsareal til sjø. Vurdere utviding av området i eit 2.byggjetrinn
-
Leggja til rette for mindre næringsområde i Hegglandsdalen, Ådnadalen og Kolskogen, Søre Øyane, Eikelandsheiane, Holmefjord, Strandvik og Baldersheim
-
Utarbeide ny akvakulturplan for heile Bjørnafjorden etter modell av Fusa sin plan
-
Samarbeide tett med Bjørnafjorden Næringsråd, og vurdera tilsetting av ny utviklings-/næringssjef i kommunen
-
Vidareføra satsingar som Bjørnafjorden Matkultur og Visit Bjørnafjorden, samt etablera permanent turistinformasjon i kommunen. Leggje til rette for fleire bubil- og campingplassar, samt Mikrohytte-konsept
-
Sikra skog- og landbruksinteressene i Bjørnafjorden gjennom eigne kjerneområde for landbruk og stimulera skognæringa gjennom tilrettelegging for skogkultur og -infrastruktur
Samferdsle og infrastruktur
Framskritspartiet vil:
-
Sikra utbygginga av fylkesvegen Åsen-Helleskaret, og samarbeida med private om tilsvarande fylkesvegarm mot aust Lyseparken-Søfteland
-
Få på plass bomfritak/reduserte takstar på sidevegane til ny E39 Os-Bergen – Søfteland og Fanafjellet
-
Sikra at trase for E39 Hordfast skjermar skjergarden i Søre Øyane, samt får ei god løysning for kryssing av Ulvenvatnet og påkopling i Kolskogen
-
Utgreia potensialet for bru Hatvik-Venjaneset gjennom ferjeavløysingsordninga
-
Arbeida for betre standard på FV552 Osøyro-Eikelandsosen, utvida opningstid på ferjesambandet Hatvik-Venjaneset og opprusting av ferjeleia m/servicetilbod, toalett og pendlarparkering
-
Utgreie tunnel Eikelandsosen-Sævareid
-
Arbeida for gang- og sykkelvegar på fylkesvegane i kommunen; – Hatvikvegen, Hegglandsdalsvegen, Sperrevik-Sørstraumen, Venjaneset-Eikelandsosen
-
Reasfaltering av kommunale vegar – auka vegvedlikehaldsfondet
-
Bygga ut gang- og sykkelvegnettet i samband med større bustadprosjekt og legging av vatn- og avlaupsnett – stilla rekkjefølgjekrav der Plan- og bygningslova opnar for dette
-
Satsa på trafikksikring i tråd med Trafikksikringsplanen for Bjørnafjorden
-
Utvida tilbodet om pendlarparkering i Osdalen, Lyseparken, Hatvik og Venjaneset
-
Jobba mot Skyss for fleire ekspressbussar Os-Bergen og Os-Kokstad/Sandsli, samt eit tenleg busstilbod i resten av kommunen. Utgreia konsept med bestillingsruter/Hent meg-konsept
-
Full breibands- og mobildekning i Bjørnafjorden – tetta ”hull” i nettet
-
Byggja ut teknisk og sosial infrastruktur i tråd med folkeveksten i kommunen, herunder sikra beredskapen gjennom brann- og redningstenesta på begge sider av fjorde
Miljø og klima
Framskritspartiet vil:
-
Driva ein aktiv klima- og miljøpolitikk på dei områda kommunen rår over, følgja opp FNs Bærekraftmål og Norges klimamål
-
Stimulera til gode energi- og miljøløysningar i alle nye byggjeprosjekt, både private og kommunale (solcelle, jordvarme, gass, bioenergi, fjernvarme, massivtre)
-
ENØK-tiltak i kommunale bygg
-
Ivareta biologisk mangfald, og sikre grøne lunger i utbyggingsområde
-
Hybrid- og El-biler i den kommunale bilparken der dette er teneleg for tenestene, fleire ladepunkter for El-bil, El-sykkel og El-båt
-
Sikra tilgang på landstraum ved næringskaiane i Bjørnafjorden
-
Leggja til rette for gonge- og sykkel, – spesielt i regionsenteret Osøyro og kommunedelsenteret Eikelandsosen, vurdera bysykkelordning
-
Strandrydding for å redusera plast i havet, – samarbeid med frivillige lag og organisasjonar
-
Vidareføra oppgradering og utbygging av vatn- og avlaupsnettet i Bjørnafjorden
-
Effektiv avfallshandtering i Bjørnafjorden, kjeldesortering v/gjenbruksstasjonane
Vi skal gjera alt vi kan for å få fart på Bjørnafjorden
TERJE SØVIKNES
Kandidat 1.
Næringsdrivande
Lysekloster
LAILA REIERTSEN
Kandidat 2.
Sjukepleiar
Os
ESPEN ASPENES
Kandidat 3.
Næringsdrivande
Os
GUSTAV BAHUS
Kandidat 4.
Boreingeniør/lærar
Os
EIRIK ANDRE HESTHAMAR
Kandidat 5.
Dagleg leiar
Søre Øyane
INGRID ØKSNES
Kandidat 6.
Brannkonstabel
Eikelandsosen