top of page

Stabil og tydeleg styring

Perioden 2019-23 har vore krevjande for Bjørnafjorden kommune. Det politiske fleirtalet frå 2019-valet smuldra gradvis opp, og kommuneøkonomien er elendig. Bjørnafjorden treng difor no eit stabilt og tydeleg politisk fleirtal som kan få orden på økonomien, og setja fart på kommunen.

Barn og unge

er framtida vår 

Derfor satser FrP

på gode oppvekstmiljø

Gode helse- og omsorgstenester

gjev oss tryggleik

Ei god og verdig eldreomsorg

er FrP si fanesak

Enkelte parti vil no innføra eigedomsskatt

FrP seier nei til eidedomsskatt

Bygge - og planprosessar tar for lang tid

FrP vil reetablera

JA-kommunen

Kommunen skal leggja til rette for frivillig sektor

FrP vil ha eit levande lags-

og organisasjonsliv

Bjørnafjorden har stort potensiale for vekst

FrP vil satse på nye næringsareal

og sentrumsutvikling

Fremskrittspartiet er klar til å ta dette ansvaret. Ein krevjande kommuneøkonomi krev prioritering dersom vi skal unngå eigedomsskatt på bustad og næring. Fremskrittspartiet vil difor prioritera det viktigaste først dei neste fire åra: barnehage, skule, helse og eldreomsorg. I tillegg skal vi reetablera ein klar JA-haldning i Bjørnafjorden, og utvikla heile kommunen i nært samarbeid med private og frivillig sektor.

 

Saman med Høgre utvikla vi gamle Os kommune til å bli ein mønsterkommune med god økonomi, gode tenester, JA-haldning, næringsetableringar og høg folkevekst. Bjørnafjorden kommune har eit enda større potensiale, - på begge sider av fjorden. 

 

Vi er klar til å ta fatt på jobben om du gir oss tillit 11.september!

 

Få fart på Bjørnafjorden 

– stem Fremskrittspartiet lokalt!

Vi skal gjera alt vi kan for å få fart

på Bjørnafjorden

TERJE SØVIKNES

Kandidat 1.

Næringsdrivande

Lysekloster

Ein varm og verdig eldreomsorg, tydeleg styring av kommunen, NEI til eigedomsskatt

LAILA REIERTSEN

Kandidat 2.

Sjukepleiar

Os

Eldreomsorg, helse og barnevern

ESPEN ASPENES

Kandidat 3.

Næringsdrivande

Os

Kommuneøkonomi og næringsutvikling

GUSTAV BAHUS

Kandidat 4.

Boreingeniør/lærar

Os

JA-haldning i plan- og byggesaker, trafikktryggleik og infrastruktur

EIRIK ANDRE HESTHAMAR

Kandidat 5.

Dagleg leiar

Søre Øyane

Oppvekstmiljø, barnehage og skule. Idrett og kultur for barn og unge.

INGRID ØKSNES

Kandidat 6.

Brannkonstabel

Eikelandsosen

Helse, blålysetatene, lavere skatter og avgifter, sentrumsutvikling

bottom of page