Barn og unge er framtida vår. FrP vil difor leggja til rette for gode oppvekstmiljø med eit mangfald av barnehagar, gode skular og tilrettelagte tilbod for barn og unge i Bjørnafjorden. Heile lokalsamfunnet må bidra for å gje barn og unge ein trygg oppvekst - kommunen gjennom barnehage, skule, PPT-teneste, helsetilbod og barnevern, frivillig sektor gjennom idrett-, frilufts- og kulturtilbod, og kvar og ein av oss gjennom å væra trygge og ansvarlege vaksne.
Gode oppvekstmiljø
for barn og unge
Dette skal vi også jobba med
Framskritspartiet vil:
-
Sikra full barnehagedekning i heile Bjørnafjorden gjennom eit mangfald av private, ideelle og kommunale barnehagar - spesialisering på tema f.eks natur- eller friluftsbarnehagar
-
Gje tilbod om fagutdanning til barnehagepersonalet både i kommunale og private barnehagar
-
Vurdera meir fleksible opningstider og barnehageopptak gjennom året
-
Satsa på kvalitet i alle delar av skulekvardagen; - kvalitet i undervisninga, moderne utstyr, godt vedlikehaldne skulebygg, gode uteområde, trygge skulevegar
-
Etablere Prosjekt Betre læringsresultat (BLR) i heile Bjørnafjorden, og sikra at politikarane er tett på som skuleeigarar
-
Satsa på Ungdomsteamet i skulane - tverrfagleg team som tidleg stør elevar med særskilde utfordringar
-
Nulltoleranse for mobbing i barnehage og skule. Gjennom samarbeid skule-foreldre ta kontroll på klasseromma for å motverke vald, trugslar og trakassering.
-
Ruste opp uteområda v/skulane – nærmiljøanlegg med fokus på fysisk aktivitet for alle aldersgrupper
-
Satse på trafikksikring av skulevegane med gang- og sykkelvegar og trygge hente-/leveringssonar, nytte kunnskap frå kartlegging av barnetråkk
-
IT-satsing i skulane – elektroniske tavler i klasseromma og PC/nettbrett til alle elvar
-
Vidareføra MOT som førebyggjande tiltak for alle ungdommar i Bjørnafjorden
-
Utvikle samarbeidet skule – næringsliv med Ungt Entreprenørskap i ungdomsskulane, støtte utdanningsmessa i Bjørnafjorden
-
Utvikla biblioteka som sosial møteplass for formidling av kunnskap og kultur for alle aldersgrupper, gode lesesalar for studentar
-
Samarbeide med private og frivillig sektor om idretts-, frilufts- og kulturtilbod for barn og unge
-
Sikra tett oppfølging av barneverntenesta med fokus på involvering av storfamilien (Kongsberg-modellen)
Vi skal gjera alt vi kan for å få fart på Bjørnafjorden
TERJE SØVIKNES
Kandidat 1.
Næringsdrivande
Lysekloster
Ein varm og verdig eldreomsorg, tydeleg styring av kommunen, NEI til eigedomsskatt
LAILA REIERTSEN
Kandidat 2.
Sjukepleiar
Os
Eldreomsorg, helse og barnevern
ESPEN ASPENES
Kandidat 3.
Næringsdrivande
Os
Kommuneøkonomi og næringsutvikling
GUSTAV BAHUS
Kandidat 4.
Boreingeniør/lærar
Os
JA-haldning i plan- og byggesaker, trafikktryggleik og infrastruktur
EIRIK ANDRE HESTHAMAR
Kandidat 5.
Dagleg leiar
Søre Øyane
Oppvekstmiljø, barnehage og skule. Idrett og kultur for barn og unge.
INGRID ØKSNES
Kandidat 6.
Brannkonstabel
Eikelandsosen
Helse, blålysetatene, lavere skatter og avgifter, sentrumsutvikling