Kommunen har ein krevjande økonomi, og einskilde parti vil no innføra eigedomsskatt i Bjørnafjorden. Om eigedomsskatten vert på nivå med Bergen kommune vil ein einebustad med likningsverdi på ca 4 mill kr få ein eigedomsskatt på om lag kr 10 000 pr år. FrP seier tydeleg NEI til eigedomsskatt. Vi ynskjer ikkje å leggja nye økonomiske byrder på innbyggjarane og næringsliv i tillegg til allereie høge renter og høge prisar på straum, matvarer og drivstoff.
FrP vil setja tæring etter næring, og drifta kommunen så effektivt som mogeleg. Prosjektet Omstilling25 må gjennomførast slik at Bjørnafjorden igjen får økonomisk handlefridom til å utvikla kommunen og lokalsamfunna.
Nei til eigedomsskatt
Dette skal vi også jobba med
Framskritspartiet vil:
-
Sei Nei til eigedomsskatt på bustad, hytter og næringseigedom
-
Prioritera primærtenestene innan barnehage, skule, helse og omsorg framfor alt anna, samt sikra alle likeverdige tenester, god informasjon og brukarmedverknad
-
Drifta kommunen effektivt, og nytta alle verkemiddel som forenkling, avbyråkratisering, nedbemanning, digitalisering, effektive innkjøp, konkurranse, avvikla ikkje-lovpålagte tenester, arealeffektivisering, sal av eigedom m.m.
-
Utvikla eit god 3-partssamarbeid mellom politikk, administrasjon og tillitsvalde
-
Våre tilsette er vår viktigaste ressurs, – satsa på kompetanseutvikling, etter- og vidareutdanning, gode arbeidsmiljø, maksimal delegering, heiltidskultur, rekruttering, lærlingplassar, konkurransedyktige lønnsvilkår
-
Leggja til rette for folkevekst og næringsetableringar slik at kommuneøkonomien vert styrkja
-
Halda kommunale gebyr på vatn-, avløps-, renovasjons-, plan- og byggesakstenestene så låge som mogeleg. Sikra at det berre er reelle kostnader som inngår i sjølvkostgrunnlaget
Vi skal gjera alt vi kan for å få fart på Bjørnafjorden
TERJE SØVIKNES
Kandidat 1.
Næringsdrivande
Lysekloster
Ein varm og verdig eldreomsorg, tydeleg styring av kommunen, NEI til eigedomsskatt
LAILA REIERTSEN
Kandidat 2.
Sjukepleiar
Os
Eldreomsorg, helse og barnevern
ESPEN ASPENES
Kandidat 3.
Næringsdrivande
Os
Kommuneøkonomi og næringsutvikling
GUSTAV BAHUS
Kandidat 4.
Boreingeniør/lærar
Os
JA-haldning i plan- og byggesaker, trafikktryggleik og infrastruktur
EIRIK ANDRE HESTHAMAR
Kandidat 5.
Dagleg leiar
Søre Øyane
Oppvekstmiljø, barnehage og skule. Idrett og kultur for barn og unge.
INGRID ØKSNES
Kandidat 6.
Brannkonstabel
Eikelandsosen
Helse, blålysetatene, lavere skatter og avgifter, sentrumsutvikling